"Bjøddn er eit reint og kortreist plagg. Laga i tråd med naturen, av tråd frå naturen, for bruk i naturen"

Bjøddn er grunnlagt på ein tanke om at verda nødvendigvis ikkje treng å produsera meir enn det innbyggarane her faktisk vil ha.

Litt sånn som før i tida.

Då du gjekk til skomakaren og sa «Hei, skomakar! Eg vil ha nye sko», og skomakaren humra tilbake bak nasebrillene og skjegget: «skal du ha sko, du, veslemor? Kva slags sko vil du ha, då?» «Eg vil dei skal vere rosa og gule og blå!», og so laga skomakaren sko. Han laga ikkje ti tusen raude, svarte og grøne sko i Bangladesh, sendte dei i ein kontainer tvers over jorda, selde 9000 i svere varehus og kasta resten. Slik som i dag.

Heile produksjonsprosessen føregår her i Noreg. Med lammeull frå norske sauer som beitar i norsk fjell-luft, er det karda og spunne av dei flinkaste fagfolk aust for Stad. Og me strikkar ikkje panneband før me veit at nokon vil ha det.

Bjøddn er heilt garantert Noregs einaste "lag ditt eige panneband"- klesmerke.

Eit heilt eige, heilt unikt, heilt håndlaga kvalitetsplagg.

Pannebanda våre blir strikka på ei brukt gamaldags hullkortmaskin av typen Silver Reed som osar av sjel og tobakk. Me strikkar på bakkenivå, men tankane er på fjellvandring. Og det er der Bjøddnband høyrer heime. På veg opp.  

Bjøddn er forresten òg namnet på ein hund som er ganske fin (sjå biletet).

Har du merka at det ofte er for heitt med hue, og for kaldt utan, når du er i aktivitet om vinteren? Berre nemner det...

Bjøddn i media:

Nrk P1 Norgesglasset 24.02.2016

Miljømagasinet Infinitum Movement

Fylkesmagasinet Sogn og Fjordane

Porten.no

Bjøddn Panneband blir strikka av Torbjørn Selseng

Bjøddn blir designa og strikka av Torbjørn Selseng. I godt selskap.