Bjøddn brukar Røros Lamull frå Rauma Ullvarefabrikk i alle panneband.

Norske tekstilbedrifter har lenge kvidd seg for å kjøpa norsk ull. Sauene våre har dei siste åra nemleg hatt syn på seg for å gi dårligare material enn deira søsken i Australia og Peru.

I periodar har det vore so gale at ull frå norske sauer stort sett har hamna på britiske dassar, som vegg-til-vegg-tepper. Framleis blir so mykje som 90 % av norsk ull sendt til utlandet.

Dette er enkelte norske garnprodusentar i ferd med å gjera noko med. Rauma Ullvarefabrikk er ein av tre heilnorske garnprodusentar att i landet. Dei har laga garn i 90 år og veit at norske sauer kan produsere glimrande ull. Difor har dei laga Røros Lamull.

Røros Lamull blir brukt av ei rekke norske toppdesignarar i dag. Røros Tweed, som håvar inn designprisar over heile verda, er so langt den fremste ambassadøren. Men fleire kjem etter.

Det er naturen sitt superprodukt. Det pustar, er antibakterielt, varmar når det er kaldt og kjøler når det er varmt. Materialet er flammesikkert og vassavstøytande, mjukt og lett.

Bjøddn brukar berre det beste ullgarnet på marknaden. Og det er, per i dag, Røros Lamull.

Kjelder: DN, Wikipedia, Rauma Ullvarefabrikk.