Vilkår

Prisar

Prisane som er oppgitt er i norske kroner og inkluderer moms, 25 %. Seljar reserverer seg for eventuelle feil som kan oppstå som følge av tekniske feil. 

Frakt

Bjøddn brukar Posten og Bring som leverandør. Noko av det som er so fint med panneband, er at dei smett enkelt ned i postkassen din. Men dersom du likevel skulle ønskja å få det sendt på døra, er det òg mogeleg. I tillegg kan du velje å få pakke med sporingsnummer slik at du kan følgje pannebandet heile vegen til postkassen. 

Alle fraktprisar er basert på gjeldande takstar frå Bring.  

Bjøddn produserer pannebandet ditt først etter du har lagt inn ei bestilling. Som regel blir det laga innan 1 til 3 vekedagar og sendt same dag som det er ferdig. Dersom det er stor pågang, kan det ta 2-3 veker før det ligg i postkassen. Kanskje bittelitt lenger om du bur langt oppi det fagre nord.

Betaling

Bjøddn nyttar Stripe til å handtera alle transaksjonar. Stripe er eit av dei mest vanlege betalingssystema på nett. Det har hausta mykje internasjonal skryt for tryggleik og hurtig utsjekking for kunden. Du treng ikkje å opprette nokon konto, det er berre å skrive inn kortinformasjon ved kjøp. Alle transaksjonar er sikre og krypterte.

Retur

Det er sjølvsagt full returrett i 14 dagar etter at vara er motteken. Dersom du ønskjer å returnere ei vare, er det berre å sende den i retur til oss. Du må sjølv betale returporto. Oppgi ditt kontonummer, og so får du tilbake heile kjøpssummen og frakta. 

Reklamasjon

Ha i bakhovudet at dette er handverk. Alle Bjøddn-produkt er unike, og det er ein del av sjarmen. Dersom feilen likevel skulle vera altfor stor, og den garantert ikkje er påført av kunden, er det berre å ta kontakt

Teieplikt

Alle kundeopplysingar håndterast med stor diskresjon og kjem under ingen vilkår til å spreiast vidare til utanforståande.