"Laga i tråd med naturen, av tråd frå naturen, for bruk i naturen"

Bjøddn Panneband blir strikka av Torbjørn Selseng

Bjøddn er rett og slett noko so sjeldan som eit heilnorsk klesplagg.

Med lammeull frå norske sauer som beitar i frisk fjelluft, er det karda og spunne av dei flinkaste fagfolk aust for Stad. Og det er sjølvsagt strikka langs fjorden

Kleda blir laga av folk som har varig tilrettelagt arbeid. Det er menneske som verkeleg vil og kan, men som av og til treng litt ekstra tilrettelegging. Jobbintro i Horten og Sogneprodukt i Balestrand er våre produksjonspartnerar.

Bjøddn er laga av skikkeleg, berekraftig materiale: svanemerka norsk ull. Norske sauer er ekspertar på å lage ull av høg kvalitet, som toler å bli brukt og som likevel ser bra ut.

«Laga i tråd med naturen, av tråd frå naturen, til bruk i naturen», som me likar å seie.

Bjøddn er forresten òg namnet på ein hund som er ganske fin (sjå biletet).

Bjøddn i media:

Nrk P1 Norgesglasset 24.02.2016

Miljømagasinet Infinitum Movement

Fylkesmagasinet Sogn og Fjordane

Porten.no

Bjøddn Panneband blir strikka av Torbjørn Selseng

Bjøddn blir designa og dagleg leia av Torbjørn Selseng. I godt selskap.