Hjelp

Storleikar for genserar

Genserane kjem i tre forskjellige storleikar. Storleik liten er tilpassa gjennomsnittleg skulderbreidd hjå kvinner, medan middels og stor storleik er tilpassa skulderbreidda til menn. Er du i tvil, finn fram målebandet. Sjå her korleis du måler.

   ◦ Liten

        Høgd: 165–173 cm.

        Brystomkrets: 89–95 cm.

        Hofteomkrets: 89–94 cm.

        Seteomkrets: 98–103 cm.

        Armlengde: 60–61 cm.

   ◦ Middels

        Høgd: 174–182 cm.

        Brystomkrets: 96–102 cm.

        Hofteomkrets: 89–95 cm.

        Seteomkrets: 98–103 cm.

        Armlengde: 62–63 cm.

   ◦ Stor

        Høgd: 178-190 cm.

        Brystomkrets: 102-107 cm.

        Hofteomkrets: 96-101 cm.

        Seteomkrets: 104-109 cm.

        Armlengde: 64-65 cm.

Er det ingenting som passar? Ta kontakt, so kan me ordne ei spesialbestilling.

Storleikar for panneband

• Pannebanda kjem i tre forskjellige storleikar:

   ◦ Liten er barnestorleiken vår. Den passar fint for barn frå 3–10 år. Er dei eldre enn det, kan du ta fram målebandet.  

   ◦ Middels passar. Hadde dette vore eit "ein-storleik-passar-alle"-produkt, so ville alle panneband vore middels. Ein nordmann er i snitt 58 cm rundt hovudet. Dette bandet passar til alt frå 55–60 cm.

   ◦ Stor er litt slakkare enn M. Det er for dei formfagre hovuda der ute, dei med omkrets over 60 cm. Men eit litt større panneband kan òg vere fint dersom du har mykje og flott hår og skal bruke pannebandet som eit moteplagg, snarare enn eit treningsplagg. Då får du ikkje den dusken av hår på toppen.

• Er du i tvil, vel M. Ull er elastisk, det passar som regel uansett.

Vask og vedlikehold

Bjøddnband er laga av Røros Lamull. Det skal vaskast som alt anna ull. Ullprogrammet på vaskemaskina er stort sett veldig bra, berre pass på at du brukar ullvaskemiddel.

Men ull er naturleg sjølvrensande. Ofte held det lenge å lufte pannebanda godt.

Gjer det sjølv

• Det kan vera lurt å unngå å kombinere like fargar:

    ◦ Gult mønster på kvit grunnfarge fungerer for eksempel dårleg. 

    ◦ Lyse fargar er omtrent det einaste som er fint på grått underlag

• Kvite plagg må vaskast oftare. Men det veit du.

Kvifor skrive inn epostadressa?

Du må skrive inn epostadressa di før du kjøper pannebandet, fordi det er den einaste måten me kan vite kven som vil ha kva. Me brukar to forskjellige system for å handtera nettbutikken, og dei snakkar ikkje so godt i lag – enno, i alle fall.

Når du sender inn eposten din, forpliktar ikkje det eit kjøp.

Dersom du vil lage og bestille fleire panneband, må du først trykka på "Lagre og legg i handlekorg", slik at pannebandet vert lagt i handlekorga. Deretter kan du trykke på "lag nytt panneband"

Er det noko som er uklart? Ta kontakt